Regelverk
-
Lov om eierskap i medier (medieeigarskapslova)
- Lova gir Medietilsynet fullmakt til å stanse eller setje vilkår for erverv av eigardelar i føretak som driv dagspresse, fjernsyn eller radio dersom ervervaren aleine eller i samarbeid med andre har eller får ei betydeleg eigarstilling i mediemarknaden nasjonalt eller regionalt, og dette er i strid med formålet i § 1 i lova. Medietilsynet kan også stanse eller setje vilkår for samarbeidsavtalar som gir ein avtalepart same eller tilsvarande påverknad over det redaksjonelle produktet som eit erverv. Medieeigarskapslova er nett blitt revidert (lov av 17. desember 2004 nr. 92). Endringane vart sette i kraft frå 1. januar 2005, med unntak av § 11 som vart sett i kraft frå 1. juli 2005.
-
Retningslinjer
- Retningslinjene er under revisjon på grunnlag av lovendringane. Inntil vidare vil dagens retningslinjer nyttast i den grad dei er i samsvar med gjeldande medieeigarskapslov.
-
Høring - Utkast til retningslinjer for behandling av saker etter lov om eigarskap i medier
- I arbeidet med fastsetting av retningslinjene, er Medietilsynet interessert i synspunkt frå foretak og institusjoner som kan bli berørt av medieeigarskapslovas reglar eller som har ein generel interesse i problemstillinga som behandlast i retningslinjene. Eventuelle merknader må være Medietilsynet i hende innan 30. september 2005.